[] [] []
[] []
[VIP Backpackers Resorts Nordic Countries]
[VIP Backpackers Resorts Nordic Countries]
  [] []
[]
[]
» Nyheter/Aktiviteter   

Tynnøl Backpackers lodge med i VIP2006-05-04 14:23:44
 
Tynnøl Backpackers Lodge knytter seg til VIP sitt nordiske oernattingsnettverk.

Velkommen til Tynnøl backpackers lodge

Sesong 1. mai – 1. november

Gardsferie - backpackers lodge
På Tynnøl bur du midt på gardstunet. Vi tilbyr deg eit enkelt og rimeleg losji, heilt utan luksus og staffasje. Vi tilbyr 12 senger, fordelt på to rom.

Tynnøl ligg på Lesja, langs E136 mellom Dombås og Åndalsnes. På Tynnøl er du midt i nasjonalparkriket. Det er under en time med bil til fire ulike nasjonalparker. Kommunesenteret i Lesja ligg 3,5 km frå Tynnøl. Her er det bl.a. jernbanestasjon, kafé og butikkar.

Garden heiter Nordpå-Tynnøl, og er ein gjennomsnittleg norsk gard. Vi produserar ca 150 tonn mjølk og 7-8 tonn storfekjøtt i året. Vi, Marit og Espen, har drivi garden sidan 1997. Vi har tre born. Før vi tok over garden, reiste vi ein del i Europa, Afrika og Latin-Amerika. Vi har rodd heile Norskekysten (og den er lang). Men alt dette skjedde for lenge sidan… No gjer garden og borna at vi beveger oss i mindre sirklar. Vi ynskjer difor at verda kjem til oss, anten det er frå Cape Town, San Francisco, Kyoto, Sidney eller Bergen.

Slik kjem du til Tynnøl
- Tog frå Oslo eller Trondheim til Dombås, deretter tog til Lesja (tog mot Åndalsnes). Gå 3 km vestover langs hovudvegen til du finn skiltet vårt.
- Ekspressbuss frå Oslo eller Ålesund/Molde (dag- og nattekspressen) til Prestløkken busstopp 300 m frå Tynnøl. Følg skilting ned til garden.

For ytterligere informasjon og booking se HER

[]
[] []
VIP Backpackers Resorts Nordic Headoffice - P.O.Box 3184 Elisenberg, N-0208 Oslo, Norway
Phone: +47 48 13 47 25 - Email: post@backpackers.no
[] []